Domoda (volofdomodaa) er ein rett frå Vest-Afrika som blir eten i Senegal[1] og i Gambia, der han er rekna som nasjonalrett.[2] Han er rekna som ei form for ñaari cin, 'to gryter', der gryteretten og risen blir laga til kvar for seg. Hovudingrediensen er malne peanøtter. I tillegg kan ein bruka lauk, tomat, potet, gulrot, kål, sitronjus og buljong.[3] Det er også vanleg å ha kjøt i retten.[4]