Domstoladministrasjonen

Domstoladministrasjonen i Trondheim.
Foto: Cato Edvardsen (2009)

Domstoladministrasjonen er eit norsk uavhengig forvaltingsorgan med ansvar for administrativ støtte for alle dei alminnelege domstolane i landet, og for jordskiftedomstolane.

Domstoladministrasjonen har reint administrative oppgåver, og har ikkje noko med domstolane si dømmande verksemd å gjere. Domstoladministrasjonen har sekretariatfunksjonar ved tilsetting av dommarar, men har elles ikkje innverknad på tilsettingane. Tilrådingar for utnemning av dommarar blir gjort av ei uavhengig nemnd, Innstillingsrådet for dommere, og sjølve utnemningane skjer hos Kongen i statsråd.

Domstoladministrasjonen har budsjettmynde, ansvar for kompetanse- og utviklingsarbeid og informasjonsverksemd både innanfor domstolane og eksternt.

Domstoladministrasjonen arbeider tverrfagleg, men er delt inn i følgjande åtte einingar:

  • Organisasjon og personal-eininga
  • Økonomi- og eiendomseininga
  • Juridisk eining
  • Eining for informasjon og samfunnskontakt
  • Serviceeeininga
  • IKT-eininga
  • Jordskifteeininga
  • Eining for kompetanse

Domstoladministrasjonen vart oppretta 1. november 2002, då oppgåvene vart overført frå Justisdepartementet. Hovudkontoret er i Trondheim. Direktør er Sven Marius Urke.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Domstoladministrasjonen (2014). «Urke ny direktør i Domstoladministrasjonen». Henta 22.5.2019.