Don't Come Around Here No More Singel av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Southern Accents | ||
B-side |
«Trailer» | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. februar 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Poprock, new wave, synthpop | |
Lengd | 5:07 | |
Selskap | MCA | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty, David A. Stewart | |
Produsent | Tom Petty, David A. Stewart, Jimmy Iovine | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
«Change of Heart» (1983) |
Don't Come Around Here No More | «Rebels» (1985)
|
«Don't Come Around Here No More» er ein song skriven av Tom Petty frå Tom Petty and the Heartbreakers og David A. Stewart frå Eurythmics. Han vart gjeven ut i februar 1985 som den første singelen frå albumet Southern Accents.
Den originale inspirasjonen til songen var eit romantisk møte som Stewart hadde med Stevie Nicks frå Fleetwood Mac.[1] På The Howard Stern Show forklarte Dave Stewart at tittelen faktisk vart sagt slik av Nicks. Ho hadde gjort det slutt med Eagles-gitaristen Joe Walsh kvelden før,[2] og inviterte Stewart heim til seg på fest etter ein tidleg Eurythmics-konsert i Los Angeles. Stewart visste ikkje kven ho var på den tida, men gjekk likevel. Då festdeltakarane alle forsvann inn på badet for å ta kokain, valde han å gå og legge seg. Han vakna klokka fem om morgonen av at Nicks var på rommet hans og prøvde ut viktorianske klede og skildra det heile som noko som likna på Alice i Eventyrland. Seinare den morgonen fortalte ho Walsh, «Don't come around here no more».
Musikkvideoen har Alice i Eventyrland som tema og vart regissert av Jeff Stein.
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Kanadiske Top 100 Singlar (RPM)[3] | 20 |
New Zealand (RIANZ)[4] | 42 |
UK Singles Chart | 50 |
US Billboard Hot 100[5] | 13 |
US Album Rock Tracks (Billboard) | 2 |
Susanna frå Susanna and the Magical Orchestra song ein lågmeldt versjon av songen i 2008 på albumet Flower of Evil. Den britiske indie-popartisten Diana Vickers song òg inn songen. Bob Rivers laga ein parodi av songen.[6]