Don't Start Me Talkin' Singel av Sonny Boy Williamson II | ||
B-side |
All My Love in Vain | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1955[1] | |
Innspelt | Chicago i Illinois i USA, 12. august 1955[2] | |
Sjanger | Chicagoblues | |
Lengd | 2:36 | |
Selskap | Checker (no. 824) | |
Låtskrivar(ar) | Sonny Boy Williamson | |
Produsent | Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon[2] | |
Sonny Boy Williamson II-kronologi | ||
«Boppin' with Sonny» (1955) |
Don't Start Me Talkin' | «Let Me Explain» (1956)
|
«Don't Start Me Talkin'» (òg kalla «Don't Start Me to Talkin'») er ein bluessong skriven og framført av Sonny Boy Williamson II. Det var den første singelen Williamson spelte inn for Checker Records,[3] og han nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard R&B-lista i 1955.
Etter at Trumpet Records la inn årene, hadde Sonny Boy Williamson II den første innspelinga si for Checker Records den 12. august 1955. «Don't Start Me Talkin'» vart spelt inn denne dagen.[3] Williamson sjølv song og spelte munnspel, og han hadde elles med seg Otis Spann på piano, Muddy Waters og Jimmy Rogers på gitar, Willie Dixon på bass og Fred Below på trommer.[2][3]
«Don't Start Me Talkin'» vart gjeven ut på singel i september 1955, ein månad etter han vart innspelt.[1] Songen nådde tredjeplassen på Billboard R&B Singles-lista.[4]
Begge sidene av singelen kom ut på debutalbumet til Williamson i 1959, Down and Out Blues, som vart innlemma i Blues Hall of Fame in 2007.[5]
James Cotton, som lærte å spele munnspel av Williamson, spelte inn «Don't Start Me Talkin'», for albumet The James Cotton Blues Band i 1967.[6] New York Dolls spelte inn songen for det andre albumet deira, Too Much Too Soon.[7] Bob Dylan spelte songen på The David Letterman Show i 1984. Andre musikarar som har spelt songen er mellom andre John Hammond jr., The Doobie Brothers, Dion, The Yardbirds, Climax Blues Band, Champion Jack Dupree, Rory Gallagher, Willie «Big Eyes» Smith, Fenton Robinson, Good Rockin' Charles[8] og Gary Moore.[9]