Don Robertson |
Don Robertson i 1966 |
|
Fødd | 5. desember 1922(1922-12-05) |
---|
Fødestad | Beijing i Kina |
---|
Død | 16. mars 2015 (92 år) |
---|
Dødsstad | California i USA |
---|
Fødenamn | Donald Irwin Robertson |
---|
Opphav | USA |
---|
Instrument | piano |
---|
Plateselskap | RCA Victor |
---|
Verka som | Låtskrivar og pianist |
Donald Irwin Robertson (5. desember 1922–16. mars 2015) var ein USA-amerikansk låtskrivar og pianist, hovudsakleg innan country og pop. Han vart innlemma i Nashville Songwriters Hall of Fame i 1972. Som artist hadde han ein hit i USA med «The Happy Whistler» i 1956. Songen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart same året.[1] Han selde over ein million eksemplar og fekk for det gullplate.[2]
Sjølv om han hadde kontrakt med Capitol då han fekk den store hitsingelen sin, signerte Robertson så ein platekontrakt med RCA Victor. Han skreiv eller var medlåtskrivar med Hal Blair, på mange hittar for andre musikarar, inkludert Elvis Presley som spelte inn mange av Robertson sine songar, fem av dei i mange av filmane til Presley.[2] Han døydde i 2015.[3]
- «Anything That's Part of You» (framført av Elvis Presley)
- «Does My Ring Hurt Your Finger» (med Doris Clement og John Crutchfield)
- «Born to Be with You» (framført av The Chordettes)
- «Hummingbird» (framført av Les Paul og Mary Ford og Frankie Laine)
- «I Don't Hurt Anymore» (med Walter E. Rollins), (framført av Hank Snow)
- «I Love You More and More Every Day» (framført av Al Martino)
- «I Met Her Today» (med Hal Blair), (framført av Elvis Presley)
- «I'm Counting on You» (framført av Elvis Presley)
- «I Really Don't Want to Know» (med Howard Barnes), (framført av Elvis Presley)
- «Love Me Tonight» (framført av Elvis Presley)
- «Ninety Miles an Hour (Down a Dead End Street)» (med Hal Blair), (framført av Hank Snow)
- «No More» (basert på songen «La Paloma», i lag med Hal Blair, framført av Elvis Presley og Dean Martin)
- «Not One Minute More» (med Hal Blair), (framført av Della Reese)
- «Please Help Me, I'm Falling» (med Hal Blair), (framført av Hank Locklin)
- «Ringo» (med Hal Blair), (framført av Lorne Greene)
- «Stand In» (med Hal Blair), (framført av Don Robertson sjølv og Jim Reeves)
- «There's Always Me» (framført av Elvis Presley og Jim Reeves)
- «You're Free to Go» (med Lou Herscher) (framført av Carl Smith)