Donkeyboy | |||
| |||
Opphav | Drammen i Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2005– | ||
Sjanger | pop, rock | ||
Tilknytte artistar | Linnea Dale | ||
Plateselskap | Warner Music Norway | ||
Medlemmer | Cato Sundberg Kent Sundberg Thomas Drabløs Peter Michelsen Alexander Garborg Ågedal | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets musikkvideo |
Donkeyboy er ei popgruppe frå Drammen i Noreg, skipa i 2005. Gruppa er ihopsett av Cato Sundberg (vokal/rytmegitar), Kent Sundberg (synth/støttevokal), Peter Michelsen (gitar/støttevokal), Thomas Drabløs (trommer), og Alexander Garborg Ågedal (bassgitar).
Donkeyboy skreiv avtale med Warner Music etter at ein tilsett i selskapet kom over MySpace-profilen deira.[1] Debutsingelen Ambitions blei lansert 26. mars 2009 og fekk høg rotasjon på NRK P3,[2] og to veker seinare låg han inne som #7 på VG-lista Topp 20.[3] 29. juni 2009 var låten den mestseljande singelen i Noreg, og singelen blei verande på fyrsteplass fram til andresingelen Sometimes tok over 22. september. Linnea Dale frå Tinn i Telemark, òg kjent frå 2007-sesongen av Idol, medverkar som vokalist på båe singlane.
Donkeyboy sitt fyrste album Caught in a Life blei lansert 19. oktober 2009 og fekk terningkast fire frå Aftenposten[4] og Dagbladet.[5] Under Spellemannprisen 2009 håva gruppa inn med prisar for både årets nykomar med plata Caught in a Life, og prisen for årets hit og årets musikkvideo for Ambitions.