Donovan Studioalbum av Donovan | ||
Utgjeve | August 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Bluesrock, folkrock | |
Selskap | Arista (USA) Rak Records (Storbritannia) | |
Produsent | Mickie Most | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Slow Down World (1976) |
Donovan | Neutronica (1980)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Donovan er det fjortande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i USA i august 1977 og i Storbritannia med anna innhald i oktober 1977.
I 1976 var platekontrakten til Donovan med Epic Records over med Slow Down World. Albumet hadde berre gjort det mellombels og kontrakten vart ikkje fornya. Den gamle produsenten til Donovan, Mickie Most, hadde i mellomtida starta Rak Records i Storbritannia. Donovan og Most slo seg saman og spelte inn det neste albumet til Donovan på Rak Records i 1977. Arista Records distribuerte plata i USA.
I motsetnad til Slow Down World var songane på Donovan eit forsøk på å nå dei store massane igjen. Songane hadde ein moderne stil, og med unntak av «Maya's Dance», prøvde ein generelt å unngå balladane som Donovan var kjend for. Trass i dette nådde ikkje Donovan listene i verken USA eller Storbritannia. Han gav heller ikkje ut noko nytt album i USA før 1984.
Alle spor skrivne av Donovan Leitch
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Local Boy Chops Wood» | 3:11 |
2. | «Astral Angel» | 4:37 |
3. | «The Light» | 4:12 |
4. | «Dare to Be Different» | 3:55 |
5. | «Brave New World» | 4:44 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Lady of the Stars» | 3:02 |
7. | «International Man» | 4:02 |
8. | «Sing My Song» | 3:08 |
9. | «Maya's Dance» | 3:45 |
10. | «Kalifornia Kiddies» | 3:49 |
Alle spor skrivne av Donovan Leitch
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brave New World» | 4:44 |
2. | «Astral Angel» | 4:37 |
3. | «Local Boy Chops Wood» | 3:11 |
4. | «Kalifornia Kiddies» | 3:49 |
5. | «The International Man» | 4:02 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Light» | 4:12 |
7. | «Sing My Song» | 3:08 |
8. | «Lady of the Stars» | 3:02 |
9. | «Maya's Dance» | 3:45 |
10. | «Dare to Be Different» | 3:55 |