Dovev | |||
דּוֹבֵ"ב | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Merom HaGalil | ||
Koordinatar | 33°3′7.91″N 35°24′27.36″E / 33.0521972°N 35.4076000°E | ||
Folketal | 478 (2015) | ||
Grunnlagd | 1963 | ||
• Grunnlagd av | Marokkanske og iranske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Dovev 33°03′08″N 35°24′27″E / 33.052197222222°N 35.4076°E | |||
Kart som viser Dovev.
| |||
Wikimedia Commons: Dovev |
Dovev (דּוֹבֵ"ב) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea kring 7 km nord for Har Meron, nær grensa til Libanon, og høyrer til Merom HaGalil regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 443.
Moshaven vart grunnlagd i 1963 av immigrantar til Israel frå Marokko og Iran. Han vart kalla opp etter David Bloch-Blumenfeld (Dovev er eit akronym for initialane hans), ein av leiarane i Arbeidarrørsla i Israel som var borgarmeister i Tel Aviv. Aust for moshaven ligg eit naturreservat, vatnet Dovev.[1]
Dovev ligg på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Kafr Bir'im, som låg nordvest for landsbyen.[2]
Innbyggjarane i Dovev vart evakuerte av tryggleiksårsaker under Operasjon sinte druer i 1996 og under Libanonkrigen i 1982. I 2006, lands fire Katyusha-rakettar i utkanten av moshaven, og øydela frukttre.[3]