Dr. Strangely Strange | |||
![]() | |||
Aktiv | 1967–1971, 1973–tidleg 1980-tal, 1996 (kort gjenforeining), 2007–no | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkrock | ||
Plateselskap | Island Records |
Dr. Strangely Strange er ei irsk eksperimentell folkemusikkgruppe som blei skipa i Dublin i 1967 av Tim Booth (fødd 6. september 1943 i County Kildare), vokal og gitar, og Ivan Pawle (fødd 17. august 1943i England), bass og keyboard.
Etter å ha spelt ein fyrste konsert på Trinity College i 1967 med gitaristen Humphrey Weightman, og nokre konsertar i 1968 med klaverspelaren og vokalisten Brian Trench, samarbeidde Booth og Pawle med multi-instrumentalisten Tim Goulding (fødd 15. mai 1945 i Dublin), på vokal, blokkfløyte og keyboard, som på den tida søkte ein karriere som måler. Goulding og Pawle budde og øvde i eit hus i Lower Mount Street som var leia av kjærasten til Goulding, «Orphan Annie» Mohan, som leigebuarane kalla «The Orphanage». Tim Booth budde seinare i eit anna «Orphanage» i Sandymount i Dublin. Dei to bustadane blei eit springbrett for ein ny generasjon av irsk rock, og hjelpte til med å lansera karrieren til Phil Lynott, Gary Moore og andre medlemmar av Thin Lizzy.[1] Perkusjonisten og vokalisten Caroline «Linus» Greville kom med i bandet i to korte periodar i 1968 og 1969. Gary Moore gjekk ofte på live-show på denne tida, før han blei med i Skid Row, og spelte ulike instrument i gruppa.[2] Etter å ha skrive kontrakt med produsenten og manageren til Incredible String Band, Joe Boyd, debuterte Dr Strangely Strange i 1969 med Kip of the Serenes. Albumet var produsert av Boyd. Seinare same året var Pawle gjest på Incredible String Band sitt album Changing Horses. Linus blei beden om å forlata gruppa for å kutta på turnékostnadane i slutten av 1969, etter nokre tidlege innspelingar for det neste albumet. Gruppa blei populær på britiske college, og turnerte over heile Storbritannia.[3]
Det andre albumet Heavy Petting kom ut i september 1970, og hadde med Dave Mattacks på trommer og Gary Moore på gitar. Sommaren 1970 rekrutterte dei trommeslagaren Neil Hopwood på ein konsert i Burton-on-Trent. Tidleg i 1971 forlet Goulding gruppa for å studera buddhisme på Samye Ling-klosteret i Skottland og så halda fram med karrieren sin som målar. Pawle og Booth samarbeidde med Gay Woods og Terry Woods om ein seks veker lang europeisk turné,[4] men Dr Strangely Strange var i ferd med å gå i oppløysing.[4] Gruppa blei oppløyst i mai 1971, etter at ho hadde hatt ein konsert med Al Stewart på Drury Lane Theatre i London.[5] Booth og Pawle følte at kombinasjonen ikkje fungerte, og det var spenning i bandet.[6]
Tim Booth, Ivan Pawle og Tim Goulding kom saman att i 1972 for ein irsk turné. Tim Booth leidde ei ny bandsamansetjing i 1973. Booth, Goulding og Ivan Pawle skipa gruppa att på byrjinga av 1980-talet, i lag med fiolinist og mandolinisten Joe Thoma. Gruppa har halde fram med denne samansetjing sidan,[2] sjølv om ho berre har opptredd no og då.
Ei bok om dei stortida til bandet, Dr Strangely Strange - Fitting Pieces To The Jigsaw av Adrian Whittaker, blei gjeven ut i 2019, med omfattande bidrag frå Pawle, Booth og Goulding.[7]