Duchess

Duchess
Singel av Genesis
frå albumet Duke
B-side

Open Door

Utgjeve 9. mai 1980
Innspelt Oktober–desember 1979
Studio Polar Studios
Sjanger Progressiv rock
Lengd 6:40 (album)
4:21 (singel)
3:57 (musikkvideo)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia)
Atlantic (USA)
Komponist Tony Banks
Tekstforfattar Tony Banks
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent David Hentschel and Genesis
Genesis-kronologi 
«Turn It On Again»
(1980)
Duchess «Misunderstanding»
(1980)


«Duchess» er ein song av det britiske bandet Genesis, som kom ut i 1980 på albumet deira Duke. Songen vart gjeven ut på singel og nådde 46. plass på UK Singles Chart.[1]

Songen er ein del av den «skjulte suiten» på albumet, som òg bestod av «Behind the Lines», «Guide Vocal», «Turn It on Again», «Duke's Travels» og «Duke's End», og teksten fortel om suksessen og undergangen til ein diva frå starten av karrieren hennar, gjennom perioden som superstjerne, til ho ikkje lenger er popoulær. Det var den første songen til Genesis der nytta trommemaskin.

I videoen for songen ser ein Phil Collins, Tony Banks og Mike Rutherford som spelar forskjellige stader kring Liverpool Empire Theatre og ser på «the duchess», hertuginna, som syng og Collins nikkar nøgd.

  1. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.