Dukhan | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kommune | Al Rayyan kommune | ||
Koordinatar | 25°25′10″N 50°47′32″E / 25.41944°N 50.79222°E | ||
Areal | 365,0 km² | ||
Folketal | 11 520 (2010) | ||
![]() Dukhan 25°25′10″N 50°47′32″E / 25.41944444°N 50.79222222°E | |||
Wikimedia Commons: Dukhan | |||
Nettstad: Offisiell nettstad |
Dukhan er ein industriby vest i kommunen Al Rayyan i Qatar.[1] Han ligg kring 60 km vest for hovudstaden, Doha. Dukhan vert styrt av det statlege oljebyrået i Qatar, Qatar Petroleum, og var den første staden i landet det vart funne olje.[2]
Dukhan ligg i kommunen Al Rayyan kring 60 km frå Doha. Den søraustlege delen av området ligg 60 meter over havet.[3] Delar av Dukhan i nord ligg under havnivå.[3][4] Ei rekkje åsar av kalkstein frå eocen strekkjer seg parallelt til kystområdet.[3] Toppen av Rus-formasjonen frå eocen stikk meir enn 25 meter opp av bakken i dette området.[5] Den austlege delen består av lågland dekt av stein, med wadiar og senkingar.[3] Wadi Diab er eit av dei store tørre elveleia i landet som strekkjer seg gjennom Dukhan.
Oljeleitinga i Dukhan-området byrja i 1935.[6] I 1937 fann ein olje i Dukhan; det første større oljereservoaret på halvøya.[2] Utbygginga av den første oljebrunnen byrja i 1939 og var ferdig same året.[6] Den opphavlege busetnaden vart bygd som ein leir for arbeidarar frå Qatar Petroleum Company. Drifta vart lagt ned for ein periode under andre verdskrigen.[7] 31. desember 1949 eksporterte Dukhan den første tønna med olja og utbygginga av Dukhan-feltet var ferdig i 1954.
Den første vegen i Dukhan vart bygd i 1940 for å knyte oljeleiren til Doha. Ein ny veg vart bygd i 1948 frå Dukhan til Umm Bab og Mesaieed. I 1970-åra vart Salwa-vegen utbygd for å knyte saman alle dei fire tidlegare nemnde områda.[8]
Dukhan er ein av dei viktigaste stadane frå yngre steinalder på halvøya.[9] Her er gjort fleire funn av steinreiskapar og våpen.[10]