Dings, duppeditt, greie, tingest og liknande er ord brukte i staden for det eigentlege namnet på ein gjenstand. Slike ord kan brukast om ein ikkje veit eller ikkje gidd seia namnet på dei. Ofte kan orda ha ein vag definisjon, ved at til dømes «duppeditt» er ein ganske liten ting medan «greie» kan vera større.
Eit anna trekk ved desse erstattande orda er at ein ofte leikar seg med dei. Det morosame ordet «duppeditt» kan til dømes omformast til «dippedutt» eller «duppedings». Eit tilsvarande ord på engelsk er «thingummy», som kan bli til «thingamabob» eller «thingamajig».