Dvergsnøstjerne | |
Dvergsnøstjerne | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko | |
Systematikk | |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Scilloideae |
Slekt: | Snøstjerneslekta Scilla |
Art: | Dvergsnøstjerne S. sardensis |
Vitskapleg namn | |
Scilla sardensis |
Dvergsnøstjerne (Scilla sardensis) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia.[2] Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. sardensis.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1994. Arten er registrert spreidde stader nær kysten frå Oslo til Rogalad og i Trondheim.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]