Dymphna Cusack | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 22. september 1902 West Wyalong |
Død |
19. oktober 1981 (79 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, biograf |
Dymphna Cusack på Commons |
Ellen Dymphna Cusack (21. september 1902–19. oktober 1981) var ein australsk forfattar.[1]
Dymphna Cusack var fødd i Wyalong i New South Wales. Ho var elev ved Saint Ursula's College, Kingsgrove,[2] og gjekk ut frå Sydney University med ein honours degree i humanioar og eit diploma i utdanning. Ho verka som lærar fram til 1944, då ho pensjonerte seg grunna dårleg helse. I 1978 fekk ho diagnose på lidinga si, multippel sklerose.[1]
Cusack skreiv tolv romanar (to av dei saman med andre), sju skodespel,[3] tre reisebøker, to barnebøker og ei sakprosabok. Ho skreiv Pioneers on Parade (1939) saman med Miles Franklin og Come in Spinner (1951) med Florence James.[4]
Skodespelet hennar Red Sky at Morning blei filmatisert i 1944 med Peter Finch i hovudrolla.[5] Biografien Caddie, the Story of a Barmaid, som Cusack skreiv introduksjon til og hjelpte forfattaren med å skriva, blei filmatisert som Caddie i 1976. Romanen Come in Spinner blei filmatisert som TV-serie av Australian Broadcasting Corporation (ABC) i 1989, og send i mars 1990.[6]
Cusack var ei talskvinne for samfunnsreform og omtalte dette i verka sine. Ho støtta rørsla for verdsfred under Den kalde krigen som aktivist mot atomvåpen.[1]
Forfattaren var ein av grunnleggjarane av Australian Society of Authors i 1963. Ho hadde takka nei til den britiske Order of the British Empire,[1] men blei utnemnd til Member of the Order of Australia i 1981 for sine bidrag til australsk litteratur.[7]
I 2011 blei Cusack og 11 andre forfattarar, som Elizabeth Jolley og Manning Clark, minna gjennom bronseplakettar ved Writers' Walk i Sydney.[8]
Ein yngre bror av Dymphna, John, var også forfattar. Han skreiv krigsromanen They Hosed Them Out under pseudonymet John Beede. Boka kom først ut i 1965 og blei gjenutgjeven i 2012.[9]