Edge of a Dream Studioalbum av Bert Jansch | ||
Innspelt | 2002 i heimestudioet til Bert Jansch | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 40:49 | |
Selskap | Sanctuary | |
Produsent | Bert Jansch | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Bert Jansch-kronologi | ||
Crimson Moon (2001) |
Edge of a Dream | The Black Swan (2006)
|
Edge of a Dream er det 22. albumet til den skotske visesongaren Bert Jansch. Det kom ut i 2002.
Tittelsporet har element av rock, og to spor er barokke instrumentalar. Resten av songane er anten blues eller folkeviser. Bernard Butler (frå Suede) på elektrisk gitar og Adam Jansch (sonen til Bert) spelar begge på albumet. «Gypsy Dave» er ikkje den kjende folkevisa, men ein instrumental duett med Dave Swarbrick, tileigna han. Hope Sandoval (frå Mazzy Star) syng solo på «All This Remains» og Loren Jansch syng solo på «The Quiet Joys of Brotherhood». «Bright Sunny Morning» er ei høgtidleg skildring av då World Trade Center raste saman.
Alle songar er skrivne av Bert Jansch, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «On the Edge of a Dream» | 02:35 |
2. | «All This Remains» (Jansch, Sandoval) | 04:43 |
3. | «What is On Your Mind» | 03:26 |
4. | «Sweet Death» | 03:52 |
5. | «I Cannot Keep From Crying» (trad.) | 04:06 |
6. | «La Luna» (Hodge) | 03:15 |
7. | «Gypsy Dave» | 02:43 |
8. | «Walking This Road» | 03:16 |
9. | «The Quiet Joys of Brotherhood» (Fariña, trad.) | 05:31 |
10. | «Black Cat Blues» | 03:07 |
11. | «Bright Sunny Morning» | 04:08 |