Eia Uus | |
Statsborgarskap | Estland |
Fødd | 15. februar 1985 (39 år) Haapsalu |
Yrke | skribent |
Eia Uus på Commons |
Eia Uus (fødd 15. februar 1985) er ein estisk forfattar fødd i Haapsalu.
Eia Uus var fire år i Thailand medan ho voks opp.[1] Ho studerte seinare engelsk filologi og estisk litteratur i Tallinn, og tok magistergrad i 2012.[2] Ho har også budd eit år i Frankrike. Uus har arbeidd i eit reklamebyrå og som omsetjar frå engelsk.
Eia Uus debuterte med Kuu külm kuma, ein klassisk utviklingsroman[3] som handlar om ein manisk-depressiv kostskuleelev i Thailand. For å illustrera sinnstilstanden hennar blir kvart kapittel opna med eit sitat av Sylvia Plath. I den neste boka si skildra ho livet til unge intellektuelle.
Uus har også skrive reisebøker om Frankrike og Paris.