Eidselva ligg i Nome kommune i Telemark. Ho har utspringet sitt i Flåvatn, og munnar ut i Norsjø ved Ulefoss. Elva høyrer til Skiensvassdraget, og er ein viktig del av Telemarkskanalen. På strekninga frå Ulefoss opp til Flåvatn er det bygd fem sluseanlegg (14 slusekammer), med total løftehøgd på om lag 57 meter.
I elva er det fire vasskraftverk Eidsfoss, Vrangfoss, Ulefoss og Aall-Ulefoss.