Eidsvold Turnforening er eit idrettslag heimehøyrande på Eidsvoll i Viken fylke. Laget vart stifta 29. april 1910 som Eidsvold Idrætslag, men bytta til dagens namn to år seinare.
Eidsvold Turn, som laget vert kalla til dagleg, har sidan 1916 spelt fotball på Myrer stadion. Fotballaget hadde sin beste sesong i 1974, då det deltok i kvalifseringskampar om opprykk til 1. divisjon. Laget spelar i 2. divisjon (2020).
Laget er elles aktivt i idrettsgreinene gymnastikk og turn, handball og skeiseløp.