Eigerøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 58°26′56″N 05°56′33″E / 58.44889°N 5.94250°E
|
Areal | 19,9 km²
|
Høgaste punkt | Varden (131 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Rogaland
|
Eigerøya (òg Eigerøy) er ei øy utanfor Egersund i Rogaland. Ho har eit areal på 19,9 km² og det høgaste punktet på øya er Varden med 131 meter over havet.
Øya har fleire kjente verksemder, som Aker Kværner, C-Map og Simrad, og kulturminne, som Eigerøy fyr og krigsminne frå andre verdskrigen.
Eigerøy bru, som blei opna i 1951, gjer det enkelt å koma seg til og frå fastlandet.