Det er funne fleire graver hogde ut i berget kring landsbyen.[3]Conder og Kitchener skreiv i 1882 at eit lite krossfararfort verka å ha lege der,[4] men dette vart avkrefta i seinare kjelder.[5]
Då Palestina vart styrt av Det osmanske riket (1500- til tidleg 1900-talet), låg Ein Siniya i sjeikdømet Bani Zeid, i Jerusalem-distriktet. I 1556 var han den minste landsbyen i sjeikdømet, med under ti hushaldningar.[9] I osmanske skattelister frå 1596 var 'Ayn Slnya ein del av Al-Qudsnahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[10]
I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, og estimerte at han hadde kring 200 innbyggjarar.[11] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestina Ain Sinia som ein liten landsby, men «utan tvil særs gammal.»[4]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.
Suad Amiry, Nazmi Al-Jubeh, Andrea Bräuning, Jürgen Frick: Das „Museum of Memory” in Ain Sinya. Beispiel für die Denkmalpflege in Palästina. I: Denkmalpflege in Baden-Württemberg, 32 (2003), vol. 4, s. 345–353 (PDFArkivert 2014-02-22 ved Wayback Machine.)