Ein Tzurim | |||
kibbutz | |||
Ein Tzurim
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°41′40.92″N 34°43′6.96″E / 31.6947000°N 34.7186000°E | ||
Folketal | 863 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 23. oktober 1946 (i Gush Etzion)
1949 (noverande plassering) | ||
• Grunnlagd av | Bnei Akiva-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Den religiøse kibbutzrørsla | ||
Ein Tzurim 31°41′41″N 34°43′07″E / 31.6947°N 34.7186°E | |||
Kart som viser Ein Tzurim.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Tzurim |
Ein Tzurim (hebraisk skrift עֵין צוּרִים, tyder 'Klippekjelde') er ein religiøs kibbutz sør i Israel. Han ligg sør for Kiryat Malakhi og høyrer til Shafir regionale kommune, og er eit medlem av Den religiøse kibbutzrørsla. I 2007 var folketalet 1 100.
Kibbutzen vart grunnlagd den 23. oktober 1946 som ein ny busetnad i Gush Etzion (aust for dagens plassering). Grunnleggjarane var palestinsk-fødde medlemmar av den femte gruppa (Gar'in) av Bnei Akiva som vart danna i Tirat Zvi.[2]
I 1947 hadde kibbutzen eit folketal på 80. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 vart kibbutzen øydelagd i lag med dei andre busetnadane i Gush Etzion, av den jordanske hæren. Mennene som var att for å kjempe vart tekne som krigsfangar til Mafrak krigsfangeleir.[2]
Under fornyinga av jødiske busetjingar i Gush Etzion etter seksdagarskrigen, vart det grunnlagd ein ny kibbutz kalla Rosh Tzurim på den opphavlege staden til Ein Tzurim.
I 1949 danna innbyggjarane som drog frå Ein Tzurim ei ny busetjing sør i det sentrale Israel, nær landsbyane Zerahia, Shafir og Merkaz Shapira, og dei kalla òg denne Ein Tzurim. Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Sharqiyya.[3]