Einar Wøhni

Einar Wøhni
Fødd7. mai 1920
Lebesby kommune
Død14. februar 1987 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Einar Joachim Wøhni (fødd 7. mai 1920 i Lebesby, død 14. februar 1987) var ein norsk politikar for Ap. Han var landbruksminister i den tredje regjeringa til Einar Gerhardsen 1960–63 og stortingsrepresentant frå Troms 1961–1965.

Wøhni var utdanna frå Finnmark landbruksskole og Statens småbrukslærerskole. Han arbeidde som herredsagronom og lærer, før han vart direktør i Direktoratet for vilt og ferskvassfisk 1965-1976. Frå 1977 til 1987 var han fylkeskartsjef i Nordland.

  • 1955–1959 medlem i Kvæfjord kommunestyre
  • 1958–1960 formann i Sør-Troms Arbeidarparti
  • 1957–1961 medlem i landsstyret til Arbeidarpartiet