Ekrem Akurgal (fødd 30. mars 1911 i Tulkarm, død 1. november 2002 i Izmir) var ein tyrkisk arkeolog. I ein karriere som varte meir enn 50 år, forska han på fleire stader ved vestkysten av Anatolia.
Akurgal blei fødd 30. mars 1911 i byen Tulkarm i Palestina-delen av Det osmanske riket, der familien hans eigde ein stor gard.
Han blei uteksaminert frå Istanbul vidergåande skule for gutar i 1931. Etter det begynte han å studera ved Humboldt-Universität zu Berlin i Tyskland.
I 1957 blei Ekrem Akurgal professor ved Universitetet i Ankara. Han gav ut ei rekkje bøker om greske og andre gamle sivilisasjonar i Anatolia.