Ekspressbuss er ein buss som går i rute mellom to stader, med ingen eller få stopp mellom endestasjonane. Typiske døme er flybussar som går i rute mellom ein flyplass og næraste by eller tettstad. Ekspressbussar har ofte komfortable sete, med setebelte. Dei er meir høgbygde enn bybussar, med bagasjeplass under golvet.