El Español de la Historia («Tidenes spanjol») var eit TV-program på kanalen Antena 3 som vart sendt i mai 2007. Programmet var basert på BBC sitt program 100 Greatest Britons . 3 000 personar vart spurde kven som var den største spanjolen gjennom tidene.
Programmet var leidd av Matías Prats og Susanna Griso . Vinnaren vart den noverande kongen av Spania, Juan Carlos I .
Programmet vart kritisert av enkelte historikarar for å i hovudsak fokusere på personar frå nyare historie og dagens Spania. Nokre nøkkelpersonar frå spansk historie vart i stor grad ignorerte.
Nr. 2 – Miguel de Cervantes
Nr. 6 – Santiago Ramón y Cajal
Nr. 8 – Pablo Picasso
Nr. 9 – Teresa av Ávila , helgen og kyrkjelærar
Nr. 11 – Isabel la Católica
Juan Carlos I av Spania – noverande konge og statsoverhovud
Miguel de Cervantes – romanforfattar, poet, kunstmålar og skodespelforfattar
Christofer Columbus – navigatør, kolonist og oppdagar
Sofia av Spania – noverande dronning
Adolfo Suárez – politikar og tidlegare president
Santiago Ramón y Cajal – histolog og lege
Prins Felipe de Borbón – noverande prins av Asturias
Pablo Picasso – kunstmålar, teiknar og skulptør
Santa Teresa de Jesús – mystikar, karmelittnonne og forfattar
Felipe González – politikar og tidlegare president
Isabella I av Castilla – tidlegare regjerande dronning av Castilla og León
Severo Ochoa – biokjemikar
Federico García Lorca – poet og dramatikar
José Luis Rodríguez Zapatero – politikar og noverande president
Letizia Ortiz – noverande prinsesse av Asturia
Salvador Dalí – kunstmålar
Antoni Gaudí – arkitekt
Rodrigo Díaz de Vivar, El Cid – adelsmann, militær og politisk leiar
Alfonso X El Sabio – tidlegare konge av Castilla, León og Galicia
Fernando Alonso – Formel 1-førar
Francisco de Goya – kunstmålar og grafikar
Francisco Franco – general og tidlegare statsoverhovud
Antonio Machado – poet
Miguel Induráin – syklist
Miguel Serveto – teolog, lege og humanist
Lola Flores – songar, dansar og skodespelar
Felipe II – tidlegare konge
Carlos I – tidlegare konge og keisar av det heilage romerske riket
Rocío Jurado – songar og skodespelar
Gregorio Marañón – lege, vitskapsmann, historikar, forfattar og filosof
Diego de Silva Velázquez – kunstmålar
Isabel Pantoja – songar
José Ortega y Gasset – filosof
Miguel de Unamuno – essayist, romanforfattar, poet, skodespelforfattar og filosof
José María Aznar – politikar og tidlegare president
Vicente Ferrer – dominikanarmisjonær og logikar
Camilo José Cela – forfattar
Pedro Duque – astronaut
Dani Pedrosa – motorsykkelførar
Pau Gasol – NBA-basketballspelar
David Bisbal – popsongar
Rafael Nadal – tennisspelar
José Monje Camarón, Camarón de la Isla – flamencosongar
Pelagius av Asturias – grunnleggjar av kongeriket Asturias
Juan Ramón Jiménez – poet
Santiago Carrillo – politikar
Antonio Banderas – skodespelar og songar
San Ignacio de Loyola – stiftar av jesuittorden
Pedro Almodóvar – filmregissør, dramatikar og produsent
Juan Sebastián Elcano – seglar