Elektroniske støttetiltak (EST) heiter no berre elektronisk støtte (ES) og kan brukast til å produsera signaletterretning (SIGINT) som atter består av sambandsetterretning (COMINT) og elektronisk etterretning (ELINT).
Disiplinen består i å fanga opp elektromagnetiske impulsar frå fienden av militær interesse. Eiga innsamling av slike impulsar kan vera i verksemd over lang tid på ein passiv måte, slik at fienden ikkje oppdagar det.[1]