Elle-Máijá Tailfeathers | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 1985 (40 år) Halifax, Cardston |
Yrke | skodespelar, filmskaper, filmregissør, manusforfattar |
Far | Bjarne Store-Jakobsen |
Nettstad | http://elle-maija-tailfeathers.com/ |
Elle-Máijá Apiniskim Tailfeathers er ein svartfot- og samisk skodespelar, produsent og filmskapar av norsk og canadisk opphav[1] frå Kainai Nation.[2][3][4][5] Ho bur dels i Vancouver[2] i Canada, dels i reservatet Blood Reserve og dels i Sápmi i Noreg.[6]
Tailfeathers er dotter av Bjarne Store-Jakobsen, ein samisk aktivist og journalist, og Esther Tailfeathers, en kainai-svartfotisk aktivist og lækjar. Foreldra hennar møtte kvarandre på ein internasjonal konferanse for urfolk i 1981 i Australia og gifta seg ikkje lenge etter.[7][8][9]
Etter at Elle-Máijá Tailfeather var fødd flytte familien til Karasjok.[10] Der budde dei til ho var rundt seks år gammal; da flytte familien til Nord-Dakota og mor henna byrja å studere medisin ved University of North Dakota.[9] Seinare flytte familien til Canada.[9]
Tailfeathers har studert skodespel ved Vancouver Film School og vart uteksaminert derfrå i 2006. Deretter flytte ho til University of British Columbia der ho tok ein grad i First Nations-studium og også studerte kvinne- og kjønnsstudium.[2][6]
Ho starta som skodespelar med vendte seg etter kvart meir mot arbeid bak kamera.[11] Medan ho studerte ved University of British Columbia byrja ho å bruke filmutstyr og å redigere.[6] Ho har spelt ved Beaivváš samiske nasjonalteater i Noreg.[12]
Tailfeathers fokuserer på saker som gjeld First Nations – urfolk i Canada – i filmane sine. Vanlegvis er også alle skodespelarane og dei andre som jobbar med produksjonen av filmane hennar urfolk.
Aktivisme er eitt av hovudfokusa hennar som filmskapar[2] saman med sosial rettferd. Sakene ho tek opp er direkte knytte til urfolkskvinner og -samfunn og påverkar dei. I 2011 vart ho arrestert fordi ho deltok i ein ikkje-valdeleg blokade ved inngangen til ein oljebrønn under oppbygging i reservatet Blood Reserve i Alberta.[6]
År | Tittel | Rolle | Lengd | Stad | Sjanger | Produsent |
---|---|---|---|---|---|---|
2008 | Another Cinderella Story | skodespelar | 90 min | Canada | musikkomedie | Dylan Sellers Productions |
2011 | Bloodland | forfattar, regissør, produsent | 4 min | Canada | eksperimentell | Elle-Máijá Tailfeathers |
2012 | A Red Girl's Reasoning | forfattar, regissør | 10 min | Canada | drama | The Crazy8s Film Society |
2012 | Colonial Gaze Sámi Artists’ Collective | medforfattar, medregissør | 15 min | Noreg | mockumentar | KOLT Márkomeannu |
2013 | Hurry Up, You Stupid Cripple | produsent, medregissør | 10 min | Canada | dokumentar | Elle-Máijá Tailfeathers |
2014 | Rebel (Bihttoš) | forfattar, regissør, medprodusent | 14 min | Canada/Noreg | dokumentar | Elle-Máijá Tailfeathers |
2016 | Unclaimed | skodespelar | 120 min | Canada | drama | CBC Television |
2017 | cəsnaʔəm, the city before the city | regissør | 75 min | Canada | dokumentar | Musqueam First Nations |
2019 | Blood Quantum | skodespelar | 96 min | Canada | skrekkfilm | Prospector Films |
2019 | The Body Remembers When the World Broke Open | skodespelar, medregissør | 105 min | Canada | drama |