Ellen Terry -bygningen ved Universitet i Coventry .
Ellen er eit kvinnenamn som kan vera ei dansk-norsk eller engelsk avleiing av et greske Helena , som betyr 'lys' eller 'lysberer', eller ei nederlandsk kortform for Eleonora , som har noko uklar tyding.
Ellen har namnedag den 21. mai i Noreg, 18. august i Sverige og 10. februar i Finland.
Ellen er eit vanleg namn i Skandinavia, Finland og Belgia. Det er også noko brukt i USA og Tsjekkia.
I Danmark var Ellen mykje brukt på jentebarn fødde først på 1900-talet.
Ellen Johnson Sirleaf under eidstakinga som president av Liberia. Foto: Shealah Craighead
Ellen Aslaksdatter Skum (1827–1895), norsk reindriftssame og medverkande i Kautokeinoopprøret
Ellen Terry (1847-1928), britisk skodespelar
Ellen Einan (f. 1931), norsk forfattar
Ellen Burstyn (f. 1932), opphavleg Edna Rae Gillooly, USA-amerikansk skodespelar
Ellen Johnson Sirleaf (f. 1939) første kvinnelege presidenten av Liberia
Ellen Auensen (f. 1944), norsk illustratør
Ellen Holager Andenæs (f. 1947), norsk advokat
Ellen Horn (f. 1951), norsk skodespelar og kulturminister
Ellen Nikolaysen (f. 1951), norsk skodespelar
Ellen Mortensen (f. 1953), norsk professor
Ellen DeGeneres (f. 1958), USA-amerikansk komikar, skodespelar og talkshow-vert
Ellen Chr. Christiansen (f. 1964), norsk stortingspolitikar
Ellen Hambro (f. 1965), norsk direktør for Statens forurensningstilsyn
Ellen Arnstad (f. 1965), norsk journalist og redaktør
Ellen Ugelvik (f. 1971), norsk pianist
Ellen Dorrit Petersen (f. 1975), norsk skodespelar
Ellen Kathrine Lie (f. 1976), norsk skøyteløpar
Ellen van Dijk (f. 1987), nederlandsk bane- og landevegssyklist
Ellen Sejersted Bødtker , norsk harpist