Elliott Randall

Elliott Randall

Elliott Randall i 1970
Fødd1947 (77 år)
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka somGitarist, studiomusikar

Elliott Randall (fødd i 1947) er ein amerikansk gitarist, mest kjen som studiomusikar for mange populære artistar. Randall spelte kjende gitarsoloar på Steely Dan-songen «Reelin' in the Years» og Irene Cara-songen «Fame». Det er blitt sagt at Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page har omtalt soloen til Randall på «Reelin' in the Years» som hans favorittgitarsolo gjennom tidene.[1] Soloen vart rangert den 40. beste gjennom tidene av lesarane til musikkmagasinet Guitar World[2] og den åttande beste av Q4 Music.[3]

Tidleg i karrieren spelte Randall noko for The Capris og The Ronnettes. Etter å ha spelt på debutalbumet til Steely Dan, byrja han å bli etterspurt som gitarist. Han avslo å bli medlem av Steely Dan og seinare musikalsk leiar i The Blues Brothers og medlem i Toto.

Som studiomusikar spelte Randall med artistar som The Doobie Brothers, Tom Rush, Elkie Brooks, Carly Simon, Carl Wilson, Peter Wolf, Peter Frampton, James Galway, Rochester Philharmonic Orchestra og The American Symphony Orchestra, blant mange andre.[4]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Som deltakar

[endre | endre wikiteksten]
  1. [1][daud lenkje]
  2. «The 100 Best Guitar Solos of All Time». Guitar.about.com. Henta 9. juli 2017. 
  3. «Q Magazine | Music news & reviews, music videos, band pictures & interviewsQ Magazine». News.q4music.com. Arkivert frå originalen 27. juni 2009. Henta 9. juli 2017. 
  4. [2] Arkivert May 10, 2004, ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]