Elsa Skjerven | |||
Elsa Skjerven i 1968 Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum | |||
Fødd | 11. desember 1919 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 29. oktober 2005 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Elsa R. Skjerven (11. desember 1919–29. oktober 2005) var ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Ho var statsråd og sjef for Familie- og forbrukardepartementet (familie- og forbrukarminister) i Per Borten si regjering frå 1965 til 1971, i til saman 5 år, 5 månader og 5 dagar. Som vararepresentant til Stortinget møtte ho til saman 76 dagar.
Elsa Skjerven var fødd i Oslo. Ho tok eksamen i elementær musikkteori ved Musikkonservatoriet i 1941, og utdanna seg som lærar ved Elverum lærerskole i 1943. Ho var gymnastikklærar ved Levanger lærerskole, Innherred sykepleierskole og Strinda realskole og gymnas. Ho budde i Trondheim i 40 år, og var medlem av bystyret i 23 år. Mot slutten av denne tida var ho kommunalråd i kultur- og undervisningssektoren i åtte år. I 1982 flytta ho til Bærum, der ho levde til ho døydde.