Elva Rott

Rott
elv
Land  Tyskland
Lengd 109 km
Kjelde Niederbayern
Munning Inn
Kart
Elva Rott
48°20′59″N 12°21′00″E / 48.3497°N 12.3501°E / 48.3497; 12.3501
Wikimedia Commons: Rott (river)

Rott er ei 109 km lang elv i Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Inn frå venstre. Ho har sitt utspring i kommunen Wurmsham i Niederbayern mellom Landshut og Waldkraiburg. Ho renn austover gjennom eit landleg område med småbyar, så som Neumarkt-Sankt Veit, Eggenfelden, Pfarrkirchen og Pocking. Ho munnar ut i Inn mot motsett side av Schärding, på grensa mot Austerrike.