Emil Lie | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juli 1897 Berchtesgaden |
Død | |
Yrke | bilethoggar |
Far | Bernt Lie |
Ektefelle | Cecilie Krog |
Emil Lie på Commons |
Emil Carl Jonas Lie (29. juli 1897–3. august 1976) var ein norsk skulptør, fødd i Berchtesgaden i Bayern. Forfattaren Bernt Lie var far hans.
Emil Lie utdanna seg ved École des Beaux-Arts i Paris. Han budde mange år i den franske hovudstaden, men flytta til Oslo i 1932. Ei «sers ven kvinneakt» står utstilt i Freiaparken i Oslo, og på Rådhusplassen i same byen er ein stor aktfigur i stein og bronse. Lie, som i den beste perioden var sterkt påverka av fransk kunst, er også representert i Nasjonalgalleriet.
Av hans best kjende verk er:
Han laga også gallionsfigurar til fleire av Fred. Olsen sin skip.
Tidleg i karrieren var mange av arbeida til Lie abstrakte og kubistiske. Dei fleste av desse øydela han sjølv seinare, og berre få er bevart. Han gjekk så over til meir klassiske former, og mange av dei viktigaste arbeida hans er naturalistiske aktfigurar.
Lie hadde tallike verv i kunstnarorganisasjonane. Han var formann i Norsk Billedhuggerforening 1954–57 og satt i direksjonen for Kunstnernes Hus 1936–41 og 1964–65.