En stjerne skinner i natt

«En stjerne skinner i natt» er ein norsk julesong som er skriven av Eyvind Skeie. Melodien er laga av Tore W. Aas. Både melodi og tekst vart laga 17. mai 1992. Oslo Gospel Choir trong ein julesong til plata dei var i ferd med å spele inn[1]. Songen vart utgitt på plata Tusen julelys i 1992. Han er omsett til svensk som En stjärna lyser så klar og til engelsk som "A star is shining tonight".

  1. Oddgeir Bruaset:Det var midt i julenatt 2000
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.