English Sunset Studioalbum av The Moody Blues frå albumet Strange Times | ||
Utgjeve | 17. august 1999 | |
Innspelt | 1997 - 1999 | |
Lengd | 5:05 | |
Selskap | Polydor Records | |
Låtskrivar(ar) | Justin Hayward | |
---|---|---|
Produsent | The Moody Blues | |
The Moody Blues-kronologi | ||
«Bless the Wings (That Bring You Back)» (1991) |
English Sunset | «December Snow» (2003)
|
«English Sunset» er den første og einaste singelen gjeven ut av The Moody Blues frå albumet deira Strange Times, frå 1999. Det var den første singelen deira på nesten åtte år. Songen er skriven av Justin Hayward.
«English Sunset» er ein rask rockelåt og skil seg frå resten av albumet, som består av hovudsakleg luftige og langsame songar. Singelen er den siste singelen til bandet med Ray Thomas, før han gav seg. Han vart sidan erstatta av Norda Mullen for konsertane deira.