Eric Carmen (1975)

Eric Carmen
Studioalbum av Eric Carmen
Utgjeve November 1975
Innspelt 1975
Sjanger Rock
Lengd 48:19
Selskap Rhino/Arista
Produsent Jimmy Ienner
Eric Carmen-kronologi 
Eric Carmen Boats Against the Current
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [1]

Eric Carmen er debutalbumet til den amerikanske rock and roll-musikaren Eric Carmen. Det er det første av to album som er kalla opp etter han sjølv, det andre kom i 1984. Albumet nådde 21. plassen på Billboard 200, den amerikanske albumlista, då det kom ut i 1975. Albumet inneheld songen «All by Myself» som nådde andreplassen på singellista same året. Songen nådde toppen av listene i Cashbox og Record World. Albumet inneheld òg singlane «Never Gonna Fall in Love Again» (#11) og «Sunrise» (#34), begge på listene i 1976.

Alle songane var skrivne av Eric Carmen, utanom the Drifters-songen «On Broadway», som var skriven av Barry Mann, Cynthia Weil, Jerry Leiber og Mike Stoller. Albumet inneheld òg Carmen-versjonen av «That's Rock and Roll», som Shaun Cassidy tok til tredjeplassen på singellista i 1977.

Albumet var det første soloalbumet til Carmen etter han slutta i Raspberries, ei powerpop-gruppe som hadde fleire hittar tidleg i 1970-åra.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sunrise»5:21
2.«That's Rock and Roll»3:10
3.«Never Gonna Fall in Love Again»3:45
4.«All by Myself»7:13
5.«Last Night»2:57
Side to
Nr.TittelLengd
6.«My Girl»3:02
7.«Great Expectations»3:03
8.«Everything»2:01
9.«No Hard Feelings»5:40
10.«On Broadway»3:26
År US Billboard US Cash Box US Record World US AC CAN CAN AC UK Tittel
1975 2 1 1 6 3 1 12 «All By Myself»
1976 11 9 9 1 1 1 -- «Never Gonna Fall in Love Again»
1976 34 38 28 33 36 29 -- «Sunrise»

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
U.S. End of year chart (1976) Plassering
All By Myself[2] 40
Never Gonna Fall in Love Again 107
Sunrise 146
Canada (1976) Plassering
All By Myself 48
Never Gonna Fall in Love Again 26
Sunrise --