Erling Aastad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mars 1898 Oslo |
Død | 30. juni 1963 (65 år) Oslo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1928, Sommar-OL 1924, Sommar-OL 1920 |
Erling Rudolf Aastad (2. mars 1898–30. juni 1963) var ein norsk massør og friidrettsutøvar frå Oslo som særleg utmerkte seg lengdehopp, og til dels i sprintløp.
Aastad sanka i tida 1918-30 heile 10 NM-medaljar i lengdehopp og ein sølvmedalje på 100 meter, den siste kom i 1925. Han var noregsmeister i 1920 og alle åra frå 1925 til 1930. 4. september 1921 forbetra han noregsrekorden i lengdehopp til 7,22 meter, ein rekord som vart sletta året etter. På Frogner stadion i Oslo den 12. august 1925 tok han tilbake noregsrekorden med eit kjempehopp på 7,45 meter,[1] ein landsrekord som heldt seg i ni år. Under NM i friidrett 1925 i Trondheim, to veker etter rekordhoppet i Oslo, presterte Aastad livsbeste på 100 meter med tida 10,9 sekund og fekk sølv, dagen etter tok han gull med eit lengdehopp på 7,42 m, ein fattig centimeter framom Charles Hoff.