Esben Esther Pirelli Benestad | |
![]() | |
Fødenamn | Esben Benestad |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mai 1949 (75 år) Grimstad |
Yrke | lege, sexolog |
Politisk parti | Venstre |
Ektefelle | Elsa Almås |
Esben Esther Pirelli Benestad på Commons |
Esben Esther Pirelli Benestad (fødd 3. mai 1949) er ein norsk lege og sexolog[1] som også har markert seg ved å vere ein av dei få opne transpersonane i Noreg.[2]
Benestad er gift med sexologen Elsa Almås og er forelder til filmregissøren Even Benestad, som skildra Benestad og tilhøvet hens til kjønn i dokumentarfilmen Alt om min far (2002).[3]
I 2007 deltok Benestad i Skal vi danse, ei deltaking som skapte oppstyr då ein dommar oppfordra hen til å anten bruka kvinne- eller mannsklede i tevlinga.[2]
I 2012 vart Pirelli Benestad og kona Elsa Almås begge utnemnde til professorar i sexologi ved Universitetet i Agder. Dei er dei fyrste som har vorte professorar i sexologi i Noreg.[4]
Benestad har gått inn for bruken av kjønnsnøytrale personlege pronomen.[5][6]