Essence to Essence Studioalbum av Donovan | ||
Utgjeve | September-oktober 1973 | |
Innspelt | 1973 | |
Studio | Morgan Studios i London | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 42:24 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Donovan Leitch Andrew Loog Oldham | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Live in Japan: Spring Tour 1973 (1973) |
Essence to Essence | 7-Tease (1974)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Essence to Essence er det ellevte studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i desember 1973.
På tida då albumet kom ut hadde Donovan gått bort frå glamrock-stilen på Cosmic Wheels frå tidlegare på året. Andrew Loog Oldham vart først inn (erstta Mickie Most) for å produsere albumet i lag med Donovan. Mange av songane hadde alt kome ut på Live in Japan: Spring Tour 1973, men det albumet vart berre gjeve ut i Japan.
Eit klårt teikn på den dalande populariteten til Donovan var at Essence to Essence vart det tredje Donovan-albumet etter H.M.S. Donovan og det tidlegare Fairytale som ikkje nådde Topp 25 i USA. Essence to Essence gjekk ikkje inn på den britiske lista i det heile og nådde berre 174. plass i USA.
På Essence to Essence fokuserer Donovan på spirituelle og meditative tekstar, og ein kan sjå Donovan meditere på plateomslaget. Sjølv om albumet fekk dårleg kritikk då det kom, vart mange av songane på albumet sentrale på konsertane hans utover i 1970-åra og 1980-åra.
Alle songar er skrivne av Donovan Leitch.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Operating Manual for Spaceship Earth» | 3:28 |
2. | «Lazy Daze» | 4:43 |
3. | «Life Goes On» | 2:37 |
4. | «There is an Ocean» | 4:49 |
5. | «Dignity of Man» | 5:19 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Yellow Star» | 3:07 |
7. | «Divine Daze of Deathless Delight» | 4:00 |
8. | «Boy for Every Girl» | 4:15 |
9. | «Saint Valentine's Angel» | 3:57 |
10. | «Life is a Merry-Go-Round» | 3:13 |
11. | «Sailing Homeward» | 2:56 |