Esterelfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Esterelfjella 43°30′00″N 6°49′00″E / 43.5°N 6.8166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Massif de l'Esterel |
Esterelfjella er ei fjellkjede søraust i Frankrike i departementa Var og Alpes-Maritimes i Provence ved kysten av Middelhavet. Dei næraste byane er Mandelieu og Cannes (i aust) og Saint-Raphaël/Fréjus (i vest).
Jordsmonnet og bergarten i fjellet har vulkansk opphav, og består hovudsakleg av porfyr, som gjev klippene ein raudaktig farge. Terrenget er kupert med djupe kløfter og skogar av eik. Det høgaste punktet i massivet er Mont Vinaigre på 618 meter.
Massivet dekkjer eit areal på 320 km², der 130 km² offisielt er verna under Forêt domaniale de l'estérel. Naturreservatet har mange turstiar for både sykkel og fotturistar.