Eva Twardokens | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 28. april 1965 (59 år) Reno |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994 |
Eva Twardokens (fødd 28. april 1965) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Reno i delstaten Nevada som vann bronsemedaljen i storslalåm under alpint-VM 1985.
Twardokens overraska stort då ho rann inn til bronse i storslalåm under VM i alpine greiner 1985 i Bormio. I dei komande verdsmeisterskapane og vinterleikane 1992 og 1994 plasserte ho seg stadig vekk mellom dei ti beste i enkelttevlingar, ikkje mindre enn ti gongar var ho mellom dei ti beste.
Også i verdscupen i alpine greiner makta ho berre sjeldan å sikre seg plass på sigerspallen. Andreplassar i super-G i 1985 og i storslalåm i 1991 var det beste ho oppnådde.
Twardokens la opp i 1995.