Evanger | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Postnummer | 5707 EVANGER | ||
Preposisjon | på Evanger | ||
Ferdselsårer | E16 Bergensbanen | ||
Evanger kommune 60°39′00″N 6°07′00″E / 60.65°N 6.1166666666667°E |
Evanger er ei bygd i Voss herad og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland.
Tettstaden Evanger er haldeplass på Bergensbanen. Her er Evanger kyrkje, skule og kjøtforedlingsindustri. Europaveg 16 går gjennom staden.
Frå 1837 var Evanger del av Voss formannskapsdistrikt.
1. januar 1885 vart Evanger skilt ut frå Voss som eigen kommune. Evanger hadde då 2 045 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart det meste av Evanger (unnateke Bergsdalen og Eksingedalen) med 1 075 innbyggjarar slått saman med Voss og Vossestrand til den nye Voss kommune.
Frå same dato vart resten av kommunen (krinsane Bergsdalen og Eksingedalen) med 251 innbyggjarar samanslegen med mesteparten av Bruvik og ein del av Modalen til den nye Vaksdal kommune.
Folketalsutvikling for tidlegare Evanger kommune frå 1885 til 1964:
1.1.1885 | 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964 |
---|---|---|---|---|---|---|
2045 | 1781 | 1720 | 1635 | 1537 | 1345 | 1326 |
Heradstyrerepresentantar
Det første listevalet i Evanger vart halde i 1919.
År | Samlingslista | Bondelista | Bondepartiet | Venstre | Arbeidarpartiet | Venstre og Bondepartiet |
Kristeleg Folkeparti | Venstre og Kristeleg Folkeparti |
Høgre |
1919[4] | 12 | 4 | |||||||
1922[5] | 8 | 8 | |||||||
1925[6] | 7 | 5 | 4a | ||||||
1928[7] | 6 | 5 | 5 | ||||||
1931[8] | 6 | 6 | 4 | ||||||
1934[9] | 6 | 5 | 5 | ||||||
1937[10] | 4 | 12 | |||||||
1945[11] | 6 | 6 | 4 | ||||||
1947[12] | 6 | 3 | 4 | 3 | |||||
1951[13] | 6 | 4 | 6 | ||||||
1955[14] | 8 | 4 | 4 | 1 | |||||
1959[15] | 7 | 5 | 4 | 1 |
a"Arbeidar- og smaabrukarlista"