Every Good Boy Deserves Favour Studioalbum av The Moody Blues | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. juli 1971 | |
Innspelt | November 1970 – mars 1971 | |
Studio | Wessex Sound Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 40:05 | |
Selskap | Threshold | |
Produsent | Tony Clarke | |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
A Question of Balance (1970) |
Every Good Boy Deserves Favour | Seventh Sojourn (1972)
|
Singlar frå Every Good Boy Deserves Favour | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | (middels)[2] |
Uncut | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Every Good Boy Deserves Favour er det sjuande albumet til The Moody Blues, utgjeve i 1971. Albumet var det siste dei spelte inn med Mellotron, og vart sidan erstatta av ein Chamberlin på det neste albumet deira, Seventh Sojourn i 1972.
Dette albumet inneheld den einaste songen som vart skriven av alle fem medlemmane i bandet. Opningsstykket «Procession» var eit stykke meint å skildre musikkhistorien frå starten av historia vår fram til tida då albumet vart innspelt. Dei einaste tre orda ein kan høyre på dette sporet – «desolation», «creation» og «communication» – vart brukt på liknande vis på «One More Time to Live.» Songen «Emily's Song» vart skriven av John Lodge for den nyfødde dottera hans. Mike Pinder skreiv og songen den avsluttande songen på albumet, «My Song».
Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia og låg tre veker på andreplassen i USA. Singelen «The Story in Your Eyes», nådde Topp 40-lista i USA.
Tittelen er henta frå ein hugsregel for notenelinjene i G-nøkkelen: E-G-B-D-F. Desse notane vert spelt på piano under «Procession».
I april 2007 vart albumet gjeve ut på SACD med to bonusspor. I 2008 kom albumet ut i vanleg CD-format med dei same bonusspora.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Procession» | Graeme Edge, Justin Hayward, John Lodge, Mike Pinder, Ray Thomas | Edge, Hayward, Lodge, Pinder, Thomas (sung and spoken) | 4:40 |
2. | «The Story in Your Eyes» | Hayward | Hayward | 2:57 |
3. | «Our Guessing Game» | Thomas | Thomas | 3:34 |
4. | «Emily's Song» | Lodge | Lodge | 3:41 |
5. | «After You Came» | Edge | Thomas, Pinder, Lodge, Hayward | 4:37 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «One More Time to Live» | Lodge | Lodge | 5:41 |
7. | «Nice to Be Here» | Thomas | Thomas | 4:24 |
8. | «You Can Never Go Home» | Hayward | Hayward | 4:14 |
9. | «My Song» | Pinder | Pinder | 6:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «The Story in Your Eyes» (originalversjon) | Hayward | 3:33 |
11. | «The Dreamer» | Hayward, Thomas | 3:42 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1971 | UK Albums Chart | 1[4] |
Billboard 200 | 2[5] | |
Den danske albumlista[6] | 1 |
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1971 | «The Story in Your Eyes» | Billboard Hot 100 | 23[7] |