Everybody's Talkin' Song av Fred Neil frå albumet Fred Neil | ||
Utgjeve | desember 1966 | |
Innspelt | 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Fred Neil | |
Tekstforfattar | Fred Neil | |
Låtskrivar(ar) | Fred Neil | |
---|---|---|
Produsent | Nick Venet |
«Everybody's Talkin'» er ein folkrocksong skriven og gjeven ut av Fred Neil i 1966. Ein versjon av songen framført av Harry Nilsson vart ein global suksess i 1969 med ein andre- og sjetteplass på høvesvis Billboard Adult Contemporary og Pop Singles-listene. Denne versjonen vann òg ein Grammy etter at han vart nytta i filmmusikken til filmen Midnight Cowboy. Songen skildrar songaren sitt ønske om dra bort frå folk og til havs og er av dei mest kjende verka til begge artistane. Han har sidan vorte spelt av mange andre artistar. Songen vart sidan nytta i filmen Forrest Gump i 1994 og vart gjeven ut på filmmusikkalbumet frå filmen. Han vart òg nytta i komediefilmen Borat og The Hangover III.
Songen vart først gjeven ut på det andre albumet til Neil, berre kalla Fred Neil i 1966. Han vart skriven mot slutten av innspelinga då Neil ønskte å bli ferdig med albumet så han kunne reise heim til Miami.[1] Manageren Herb Cohen lovde at om Neil skreiv og spelte inn ein siste song, så kunne han dra. «Everybody's Talkin'» vart spelt inn på første forsøk.
Toby Creswell skreiv i boka 1001 Songs at songen hadde parallellar til livet til Neil. Som helten i filmen Midnight Cowboy ønskte han å bli kjend for talentet sitt, men oppdaga at suksess i dette yrket ikkje alltid er slik det verkar å vere, og han ønskte å trekke seg attende.[2] Fem år seinare gjorde Neil som i songen og avslutta kjendislivet for å bu for seg sjølv Coconut Grove.[3][4][5]
Everybody's Talkin' Singel av Nilsson frå albumet Aerial Ballet | ||
B-side |
«Rainmaker» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1968 (trekt attende) August 1969[6] | |
Sjanger | «Chamber pop», folk | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Fred Neil | |
Tekstforfattar | Fred Neil | |
Låtskrivar(ar) | Fred Neil | |
Produsent | Rick Jarrard | |
Nilsson-kronologi | ||
«One» (1968) |
Everybody's Talkin' | «I Will Take You There» (1968)
|
Nilsson var på leit etter ein mogeleg suksessfull song då Rick Jarrard spelte denne songen for han. Nilsson valde å ta han med på albumet Aerial Ballet frå 1968.[7] Då Derek Taylor tilrådde Nilsson for filmmusikken til Midnight Cowboy for regissør John Schlesinger, valde Schlesinger ut «Everybody's Talkin'»,[2] i staden for songen Nilsson sjølv føreslo, «I Guess the Lord Must Be in New York City».[8][9]
Songen vart nytta som kjenningsmelodi for filmen og vart tett identifisert med denne.[10] Nilsson-versjonen vert òg kalla «Everybody's Talkin' (Theme from Midnight Cowboy)».[11] William J. Mann skreiv i biografien sin om Schlesinger at ein kan ikkje tenkje seg Midnight Cowboy utan 'Everybody's Talkin''".[9]
Liste (1968–1969) | Plassering |
---|---|
Australia | 30 |
Canada | 1 |
U.K. Singles Chart | 23 |
Sverige | 9 |
U.S. Billboard Hot 100 | 6 |
Singelen til Nilsson selde over éin million kopiar og gjekk både inn på Billboard' si «Adult Contemporary» og «Pop Singles», med høvesvis ein andre og ein sjetteplass i 1969.[2][12] Singelen til Nilsson fekk òg ein Grammy-pris det året.[13] Songen vart ein global suksess.[14]
Sjølv om Nilsson sjølv nektar for at det var songen som gjorde han populær, indikerer 1001 Songs at hitten «gjorde Nilsson til superstjerne», og gav han ein langt breiare tilhengjarskare.[2] Etter Nilsson døydde skreiv Billboard at Nilsson hovudsakleg var kjend for versjonane sine av «Everybody's Talkin'» og «Without You».[15] Neil vert òg stort sett hugsa for denne songen.[4]
Songen vert høgt akta av industrien og har vorte ein standard.[16] Låtskrivaren Jerry Leiber skildra han som «ein særs rar og vakker song», blant dei «verkeleg melodisk og lyrisk vakre» songane av Fred Neil,[2] som vart skildra av Rolling Stone som «tilbaketrekt, mystisk og særs dugande».[16] I 2006 skildra New York Times songen som «eit landemerke i klassisk rock».[1] I 2004 vart songen oppført på på 20. plass lista til American Film Institute over dei 100 beste filmsongane dei første 100 åra av filmhistoria.
Mange andre artistar har spelt songen som Tom Jones, Louis Armstrong, Chet Atkins, The Beach Boys, The Ventures, Spanky and Our Gang, The Beautiful South, Tony Bennett, Jimmy Buffett, skodespelaren Leonard Nimoy, Moose, Crosby, Stills & Nash, Matthew Sweet, Neil Diamond, Arlo Guthrie, Percy Faith, The Four Tops, Harold Melvin and the Blue Notes, Emmylou Harris, Deborah Harry, Iggy Pop, Lena Horne, Engelbert Humperdinck, Julio Iglesias, The Kingston Trio, Vera Lynn, Liza Minnelli, Jesse Malin, Willie Nelson, Zucchero, Madeleine Peyroux, Tedeschi Trucks Band, BJ Thomas, Bill Withers, Sir Francis Highly, Bobby Womack, Stevie Wonder, Crowded House, Dwight Yoakam, Linda Eder, Van Morrison, Alain Bashung og Tonic. Han vart sampla i 2002 av Paul Oakenfold i «Starry Eyed Surprise», i 2004 av The Go! Team i «Everyone's a V.I.P. to Someone» og i 2007 av Mika på DVDen hans Live in Cartoon Motion.[1]