Exotic Birds and Fruit Studioalbum av Procol Harum | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1974 | |
Innspelt | 1973 - 1974 | |
Sjanger | Progressiv rock, symfonisk rock | |
Lengd | 37:00 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Chris Thomas | |
Procol Harum-kronologi | ||
---|---|---|
Grand Hotel (1973) |
Exotic Birds and Fruit | Procol's Ninth (1975)
|
Singlar frå Exotic Birds and Fruit | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | (ikkje vurdert)[2] |
Exotic Birds and Fruit er det sjuande studioalbumet til det britiske progrockbandet Procol Harum. Det kom ut i 1974. I Argentina vart albumet gjeve ut som «Pájaros Y Frutas Exóticas», som tyder «Birds and Exotic Fruit». Plateomslaget vart laga av Jakob Bogdani, ein slovakisk kunstnar som var kjend for å måleri av eksotiske fuglar og frukt (som er tittelen på albumet på engelsk).
Chris Thomas var produsent på albumet, som vart spelt inn i George Martin sitt Air London Studios i London. I følgje Gary Brooker ønskte bandet denne gongen å lage eit album utan orkester.[3]
At dei spelte inn albumet med enklare instrumentering viste seg å vere lurt fordi innspelinga leid av at straumen gjekk mange gonger på grunn av ein strid mellom Edward Heath-regjeringa og dei britiske fagforeiningane.
Exotic Birds and Fruits vart godt teken imot då det kom ut av kritikarane[4] men nådde berre 86. plassen på den amerikanske Billboard-lista.[5] Den første singelen frå albumet var «Nothing But The Truth».
All tekst skriven av Keith Reid; all musikk komponert av Gary Brooker
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Nothing But The Truth» | 3:13 |
2. | «Beyond The Pale» | 3:03 |
3. | «As Strong as Samson» | 5:05 |
4. | «The Idol» | 6:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «The Thin End of The Wedge» | 3:44 |
6. | «Monsieur R. Monde» | 3:40 |
7. | «Fresh Fruit» | 3:05 |
8. | «Butterfly Boys» | 4:25 |
9. | «New Lamps For Old» | 4:07 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Drunk Again» (B-side) | 4:31 |
11. | «As Strong As Samson» (singelversjon) | 3:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «The Blue Danube» (Johann Strauss II, arrangert av Gary Brooker)) | 9:12 |