FM (No Static at All) Singel av Steely Dan frå albumet FM | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1978 | |
Innspelt | 1977 | |
Studio | Capitol Studios, Hollywood; Armand Steiner Soundlab, Studio 55, Village Recorder[1] | |
Sjanger | Jazzfusion | |
Lengd | 4:52 | |
Selskap | MCA | |
Tekstforfattar | Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
---|---|---|
Produsent | Al Schmitt[2] | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Deacon Blues» (1977) |
FM (No Static at All) | «Josie» (1978)
|
«FM (No Static at All)» er ein song av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan, og tittelsongen til filmen FM frå 1978. Songen kom ut på singel og nådde topp 40 på den amerikanske Billboard-lista. Musikalsk er songen ein kompleks jazzrocksong driven av bass, gitar og piano, som var typisk for bandet på denne tida. Teksten er eit skeivt blikk på album-orientert rock-formatet som mange FM-radiostasjonar spelte på denne tida, i motsetnad til filmen som hyllar dette formatet.[3]
«FM» var den første singelen Steely Dan gav ut på MCA Records (som hadde gjeve ut filmmusikkalbumet), og skjedde før MCA kort tid etter kjøpte opp ABC Records, som var selskapet til bandet fram til då. «FM» var blitt spelt inn under same innspelinga som albumet Aja, med somme av dei same studiomusikarane og teknikarane som spelte inn albumet, inkludert medlemmane og låtskrivarane Walter Becker og Donald Fagen. Blant musikarane var saksofonisten Pete Christlieb og trommeslagaren Jeff Porcaro; fleire medlemmar av Eagles song korvokal.[4]
Det var første gongen Becker og Fagen hadde skrive musikk for ein film sidan You've Got to Walk It Like You Talk It or You'll Lose That Beat i 1971, eitt år før debutalbumet til Steely Dan kom ut. «FM» inkluderer òg strykarar arrangert og dirigert av Johnny Mandel, som var andre gongen bandet hadde nytta strykarar på ein song.[5] Det var òg den einaste gongen at Becker (bass og gitar) og Fagen (piano) spelte hovudtyngda av instrumenta på albumet sjølv.[5] Lydteknikaren Roger Nichols vann Grammyprisen det året for beste lydinnspeling (ikkje-klassisk musikk) for arbeidet sitt på «FM», som var einaste gongen prisen vart gjeven for ein enkel song.[4]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|