«Fallen Angel» / «Ut av mørket» Song av TIX | ||
Land | Noreg | |
Språk | Engelsk/norsk | |
Utgjeve | 15. januar 2021 (norsk)[1] 20. februar 2021 (engelsk) | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:53 | |
Selskap | Universal | |
Komponist | Tix | |
Tekstforfattar | Tix | |
Låtskrivar(ar) | Andreas Haukeland, Emelie Hollow, Mathias Haukeland |
---|
«Fallen Angel», norsk tittel «Ut av mørket», er ein norsk popsong frå 2021 som er skriven, produsert og framført av artisten TIX. Den norske versjonen av låten vart utgjeven 15. januar 2021, medan den engelske versjonen vart utgjeven 20. februar same år. «Fallen Angel» vann finalen i Melodi Grand Prix 2021 og var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. «Ut av mørket» debuterte på ein tredjeplass på VG-lista i januar, og gjekk til topps på lista med «Fallen Angel» veka etter finalen.[2]
«Fallen Angel» er skriven og produsert av låtskrivaren og musikaren Andreas Haukeland, som er kjend under artistnamnet TIX. Han fekk sitt musikalske gjennombrot i 2015, som låtskrivar til ei rekkje omdiskuterte russelåtar. I 2018 gav han ut «Shotgun», sin fyrste låt utanfor russelåt-sjangeren.[3] Sidan har han hatt kommersiell suksess med ei rekkje låtar, fleire av dei med personlege og tidsaktuelle tekstar. Fleire av låtane har toppa både Spotify i Noreg og VG-lista.[4] I desember 2020 slapp TIX den personlege låten «Tusen tårer» og følgde opp med «Ut av mørket» i januar 2021. Låten vart sloppen 15. januar 2021 og var førehandskvalifisert til finalen i Melodi Grand Prix laurdag 20. februar 2021.[3]
TIX framførte «Ut av mørket» første gong live i pausen under delfinale 1 laurdag 16. januar 2021. Under framsyninga stilte han med store englevenger og signaturantrekket sitt: panneband, solbriller og pelskåpe.[5]
Den norske teksten handlar om å leggja bak seg tunge, mørke tider og i staden gå inn i nye, betre tider. Dette vert gjort mogleg takka vere ei kvinne som eg-personen er forelska i.[6] Ifølgje TIX viser «mørket» både til koronapandemien og eigne problem artisten har hatt med depresjon og sjølvmordstankar.[7]
I forkant av finalen fekk songen engelsk tekst og tittelen «Fallen Angel». Haukeland skreiv den engelske teksten saman med broren Mathias Haukeland og Emelie Hollow. TIX framførte den engelske versjonen i finalen, og det var den engelske versjonen som Noreg deltok med i Eurovision Song Contest.[8][9][10][11]
Norske meldarar var i stor grad negative til låten, og både Dagbladet og NRK gav songen terningkast 1, medan VG gav terningkast 2. Dagbladets meldar Anders Grønneberg kalla låten «hjelpeløs» og meinte han aldri burde vore med i Melodi Grand Prix.[12] NRK-meldaren Espen Borge kalla låten for det «mest reinspikka søppelet jeg har hørt på en stund».[13]
Særleg Grønneberg fekk sterk kritikk frå fleire hald. Blant anna skulda andre meldarar og artistar Grønneberg for mobbing.[14][15][16][17][18] TIX sjølv gjekk ut mot meldarkorpset og kalla det for å «pisse på norsk kultur».[19] Grønneberg heldt fast ved kritikken og la til at om TIX vann, skulle han eta artisten sitt «pannebånd på en seng av glasskår fra hans knuste briller».[20][21] Då songen enda opp med å vinna Melodi Grand Prix, møttest Grønneberg og TIX til debattprogrammet Debatten, tysdag etter finalen, der kritikaren vart nøydd til å eta pannebandet.[22][23][24] Grønneberg fekk òg kritikk for sine utsegner om artistar som «stiller på Lindmo og gråter».[25][26]
«Fallen Angel» vart raskt populær og vann ein klar siger i Melodi Grand Prix. Etter finalen gjekk både den norske og engelske versjonen av songen rett til topps på dei norske topplistene på Spotify og iTunes. Den norske versjonen toppa VG-lista veka etter finalen, medan den engelske versjonen debuterte på ein tredjeplass same veke.[27]
Vinteren 2021 vart TIX kunngjord som ein av finalistane til Melodi Grand Prix med låten «Ut av mørket». Han framførte songen den fyrste gongen i pausen under den fyrste delfinalen laurdag 16. januar 2021. Då han opptredde i finalen laurdag 20. februar 2021, framførte han den engelske versjonen av songen, «Fallen Angel». Han vann til slutt finalen over KEiiNO med «Monument».[28]
Gjennom sigeren i Melodi Grand Prix fekk TIX og «Fallen Angel» oppdraget med å representere Noreg i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[29] Noreg deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai i Rotterdam Ahoy. Der kom «Fallen Angel» på tiandeplass med 115 poeng, og Noreg kvalifiserte seg som siste land til finalen laurdag 22. mai.[30][31] I finalen opptredde TIX som nummer 22 av 26 og enda til slutt på ein 18. plass med 75 poeng.[32]
Liste (2021) | Høgaste
plassering |
---|---|
Noreg (VG-lista)[33][34] | 1 |
Liste (2021) | Høgaste
plassering |
---|---|
Belgia (Ultratip Flandern)[35] | 18 |
Finland (Suomen virallinen lista)[36] | 20 |
Hellas (IFPI)[37] | 92 |
Island (Tónlistinn)[38] | 31 |
Litauen (AGATA)[39] | 23 |
Nederland (Single Top 100)[40] | 65 |
Noreg (VG-lista)[41] | 2 |
Storbritannia (UK Download)[42] | 15 |
Sverige (Sverigetopplistan)[43] | 41 |
Norsk versjon | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|
15. januar 2021 | Digital nedlasting, strøyming | Universal Music | [44] |
Engelsk versjon | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|
20. februar 2021 | Digital nedlasning, strøyming | Universal Music | [45] |
Musikkvideoen til «Fallen Angel» vart sloppen 4. mai 2021. Den fortel historia til TIX frå barndomen fram til artisten han er i dag. Videoen er spela inn på Grand Hotel og Nordpolen skole i Oslo, og har med seg brørne Even og Martin Gjuvsland som spelar TIX som barn, og dessutan Milla Skotnes og Milla Tømmerbakke i to av hovudrollene.
Videoen er regissert og produsert av selskapet Brusjan AS.[46] Musikkvideoen vart godt motteken og toppa raskt lista over dei mest sedde YouTube-videoane i Noreg. «Kommentarfelta på YouTube, Eurovision-bloggar og Facebook-sider vert no opp fylt av folk som skriv at dei er rørt over musikkvideoen. Fleire skriv at dei måtte ty til tårene og at bodskapen er viktig for dei», skreiv NRK då videoen vart publisert.[47]
Dato | Format | Merke | Kjelde |
---|---|---|---|
4. mai 2021 | YouTube, strøyming | Universal Music | [48][49] |