Farewell, Angelina Studioalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | Viser | |
Lengd | 43:18 | |
Selskap | Vanguard | |
Produsent | Maynard Solomon | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
Joan Baez/5 (1964) |
Farewell, Angelina | Noël (1966)
|
Farewell, Angelina er det sjette albumet til den amerikanske visesongaren Joan Baez, gjeve ut seint i 1965. Det nådde tiandeplassen på Billboard Pop Albums-lista.
Albumet representerte eit lenger steg bort frå rein, tradisjonell folkemusikk, som Baez hadde byrja karrieren med, og for første gongen nytta ho elektrisk akkompagnement i form av Bruce Langhorne sin elektriske gitar (som likevel er forsiktig). Andre medverkande var Russ Savakus (bass) og Ralph Rinzler (mandolin). Albumet inneheld fire songar av Bob Dylan, inkludert tittelsongen og «A Hard Rain's A-Gonna Fall», og ein tyskspråkleg versjon av «Where Have All the Flowers Gone».
Biletet på plateomslaget vart teken av Richard Avedon.
I Storbritannia vart tittelsporet gjeve ut på singel på Fontana Records.
Utgåva frå 2002 på Vanguard inneheld tre bonusspor som ikkje var gjevne ut før frå innspelinga til Farewell, Angelina: «One Too Many Mornings», «Rock, Salt, and Nails» og «The Water Is Wide».
I ei seinare melding for Allmusic skreiv Bruce Eder om korleis Baez gjekk i retning av folkrocken i 1960-åra. Han meinte at i tillegg til Baez, inneheldt albumet solid arbeid av Langhorne og Richard Romoff på kontrabass.[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Farewell, Angelina» | Bob Dylan | 3:13 |
2. | «Daddy, You Been on My Mind» | Bob Dylan | 2:15 |
3. | «It's All Over Now, Baby Blue» | Bob Dylan | 3:21 |
4. | «The Wild Mountain Thyme» | Tradisjonell, arr. Francis McPeake Family | 4:34 |
5. | «Ranger's Command» | Woody Guthrie | 3:13 |
6. | «Colours» | Donovan Leitch | 3:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «A Satisfied Mind» | Joe Red Hayes, Jack Rhodes | 3:22 |
8. | «The River in the Pines» | Tradisjonell | 3:33 |
9. | «Pauvre Rutebeuf (Poor Rutebeuf)» | Léo Ferré, Rutebeuf | 3:28 |
10. | «Sagt Mir wo die Blumen sind (Where Have All the Flowers Gone?)» | Pete Seeger | 4:00 |
11. | «A Hard Rain's A-Gonna Fall» | Bob Dylan | 7:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «One Too Many Mornings» | Bob Dylan | 2:45 |
13. | «Rock, Salt and Nails» | Bruce Duncan Utah Phillips | 3:43 |
14. | «The Water is Wide» | Tradisjonell) (Child nr. 204 | 3:09 |
Liste (1965) | Plassering |
---|---|
Tyske album (Media Control)[2] | 30 |
Britiske album (OCC)[3] | 5 |
US Billboard 200[4] | 10 |