Federigo Fiorillo | |||
![]() | |||
Fødd | mai 1755 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Braunschweig | ||
Død | Truleg 1823 | ||
Dødsstad | London, Paris | ||
Opphav | Det tysk-romerske riket | ||
Instrument | bratsj, fiolin, mandolin | ||
Verka som | komponist, mandolinspelar, fiolinist, bratsjist | ||
Far | Ignazio Fiorillo |
Federigo Fiorillo (1. juni 1755–kring 1823) var ein tysk komponist, mandolinist, fiolinist og bratsjist av italiensk opphav.
Far hans, Ignazio Fiorillo, var hoffkapellmeister hos hertug Karl I av Braunschweig-Wolfenbüttel.
Federigo Fiorillo starta karrieren som mandolinvirtuos, men etterspørselen etter mandolinistar var liten, så han blei ofte nøydd til å gå over til andre strengeinstrument, særleg fiolin og bratsj. Som fiolinist spelte han for fyrste gong i St. Petersburg i 1777. I åra 1780 og 1781 opptredde han fleire gangar som mandolinist og fiolinist i Polen. Frå 1782 til 1784 var Fiorillo kapellmeister ved det nystifta teateret i Riga. I 1785 vende han tilbake til Tyskland, men aksepterte straks eit engasjement i Paris og oppførte kort etter tilkomme ein konsertant symfoni på den kjende Concert spirituel i byen. Under opphaldet i Paris gav han med hell ut nokre komposisjonar. Rundt 1790 reiste han til London og heldt godt dokumenterte offentlege konsertar, seinare var han i Amsterdam.[1] I 1823 var Fiorillo svært sjuk og reiste til Paris for å la seg operera. Kva tid og stad han døydde er ukjent; etter utsegn frå forleggaren Jean-Georges Sieber døydde han truleg i London i 1823.
Eit sett med 36 kaprisar er framleis nyttige som etydar.[1][2]
Verklista til Fiorillo består av talrike fiolinkomposisjonar, konsertante symfoniar, kammermusikk og pedagogiske verk. Dei fleste av verka hans blei gjevne ut av forleggaren Sieber i Paris.