Finn Bø

Finn Bø
Fødd4. juli 1893
FødestadOslo
Død24. april 1962 (68 år)
Verka somjournalist, manusforfattar, låtskrivar

Finn Valdemar Johan Bø (4. juli 189324. april 1962) var ein norsk vise- og revyforfattar, journalist og instruktør.

Finn Bø vart utdanna ingeniør i 1916. Han byrja som journalist og skribent i 1920 og var knytt til revyteateret Chat Noir i Oslo frå 1927 til 1940. Han skreiv 600 viser, blant anna tekstene til dei populære songane «Norge i rødt, hvitt og blått» (1945) og «Nå går'n på gummisåler» (Einar Rose, 1961). Filmsuksessen En herre med bart frå 1942 er basert på Finn Bø sitt lystspel Det store spørsmål.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]