Finn Øglænd

Finn Øglænd
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1957 (67 år)
Stavanger
Yrke skribent, barnebokforfattar, lyrikar
Periode 1983-
Debut Det opplyste landskapet

Finn Helge Øglænd (fødd 7. oktober 1957 i Stavanger) er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Han voks opp på eit småbruk ved Tananger i Sola kommune.

Øglænd har teke utdanning ved Forfattarstudiet i Bø. Han har arbeidd ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Øglænd debuterte i 1983 med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Han er ein produktiv forfattar, og har arbeidd både som lyrikar, romanforfattar og forfattar av barne- og ungdomsbøker. Øglænd har motteke fleire litterære prisar. For ungdomsboka Dei penaste jentene på TV (2001) mottok han både Sunnmørsprisen og Skolebibliotekarforeningens litteraturpris. I 1998 blei han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter. I 1998 blei han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter. I 2007 blei han første mottakar av Rasmus Løland-stipendet, oppretta av Rogaland fylkeskommune.

  • Det opplyste landskapet – dikt (1983)
  • Flammande mørke – dikt (1985)
  • Mannen utan ansikt – roman (1985)
  • Den niande himmelen – dikt (1986)
  • Hengt manns himmel – dikt (1987)
  • Opp i røyk. Pusteøvingar – dikt (1988)
  • Pariserloff – roman (1988)
  • Exit – dikt (1989)
  • Auge i stein – dikt (1990)
  • Underlege gjerningar – dikt (1991)
  • Mannen med dei grøne fingrane – barnebok (1992)
  • Mellomrom – dikt (1992)
  • Ei fjør i hatten og andre dikt for barn – barnebok (1993)
  • Hjarteblod – roman (1993)
  • Dyra i Halvferdigskogen – barnebok (1994) (illustrert av Akin Düzakin)
  • Den nye poesi-handboka – dikt (1994)
  • Dikt i utval – (1994)
  • Ramle- og skramlevers – barnebok (1995)
  • Mortifikasjon – dikt (1997)
  • Sjelefred – roman (1998)
  • Fem dagar, fire netter – ungdomsbok (1998)
  • Ubotelege rørsler – dikt (1999)
  • Vers på tvers – barnebok (1999) (illustrert av Øyvind Torseter og Saeko Matsushita)
  • Passe hard, passe mjuk – ungdomsbok (1999)
  • Dei penaste jentene på TV – ungdomsbok (2000)
  • Hjartets protokollar – kortprosa (2000)
  • Poesi er for desperados – dikt (2001)
  • Stina på månen – barnebok (2002) (illustrert av Kristin Roskifte)
  • Dikt mot det nødvendige – dikt (2002)
  • Rebell – ungdomsbok (2003)
  • Amok – noveller for ungdom (2004)
  • Opphav – dikt (2004)
  • Det nye dyrealfabetet – barnebok (2005)
  • Eksil – dikt (2006)
  • Svarte sjeler – ungdomsbok (2007)
  • I den kalde molda brenn eit bål – dikt (2008)
  • Lirum larum – dikt (2011)
  • Posisjonar 2012 – dikt (2013)
  • Ingentings barrikadar – dikt (2016)
  • Høymolesong – dikt (2020)
  • Leve evig som støvet – dikt (2023)
  • Berre ikkje noko skjer – skodespel (1999)

Attdiktingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]